Studentoppgåver

Høgskolen i Oslo og Akershus

  1. Spekefjøl
    Det er stadig fleire kinesiske turistar som besøker Norge og dei etterspør typiske norske suvernirar laga av bærekraftige material. Oppgåva går ut på å utvikle ei dobbeltsidig høvla spekefjøl med innebygd oppheng slik at fjøla kan nyttast som prydgjenstand i kinesiske heimar.
    Haust 2017

Høgskolen i Innlandet

  1. Moderne flåter
    For å skape ei bærekraftig framtid blir det oppmuntra til at vi skal sykle eller gå meir. I delar av landet er bruk av flåter like aktuelt. Det har i løpet av dei par siste hundre åra ikkje vore noko utvikling av flåter. Oppgåva går ut på å utvikle bærekraftige flåter tilpassa dagens behov.. Høgskolen disponener fullskala testarena for til bruk i produktutviklinga.
    Haust 2017

Karlstads Universitet

  1. Superpellets
    Dagens pellets har den ulempen at den ved bruk blir omforma til aske som er eit avfallsprodukt. Dette har ført til at bruken av pellets i private heimar er liten og på vet ut. Dersom ein kunne regenerere pelletsen etter bruk, ville truleg bruken gå opp. Oppgåva går ut på å utikle ein ny type pellets som vil bevare forma etter utbrenning. Ved regenereing ved hjelp av bioeletriske metodar skal pelletsen få attende sin opphavlege brennverdi.
    Haust 2017