Velkommen til IMTRIS
IMTRIS er eit​ Interreg prosjekt der akademiske institusjonar i Värmland, Dalarna, Hedmark, Oppland og Akershus samarbeider i kontakt med det regionale næringslivet om kunnskapsspreiing og utvida bruk tre i ulike samanhengar. Prosjektet har fokus på tre brukt i bygg, produkt av tre, emballasje og skogsindustrielle prosessar.
Møter
Samarbeid
Vegen vidare
I IMTRIS møtest deltakarane fast kvart halvår. I tillegg er det møter innafor kvart temaområde. Det blir anrangert besøk til foretak både i og utanfor regionen i tillegg til ulike studiebesøk. 
Det blir lagt vekt på utstrakt samarbeid både internt i prosjektet, men òg med eksterne. Eksempel er fellesprosjekt for studentar på kvar sine utdanningar ved deltakaruniversiteta.
IMTRIS bygger på det tidlegare Interreg-prosjektet Varmeekom. I løpet av desse åra har institusjonane lært kvarandre å kjenne slik at ein ønsker å bygge vidare på den kompetansen og kontaktflata  som er utvikla gjennom Interreg.
Nye prosjekt